Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


03.09.2018

Ingen lisensfelling av bjørn i 2018

Miljødirektoratet har fatta vedtak om ei kvote på to bjørnar for lisensfelling av bjørn i region 6 hausten 2018. Kvoten er tildelt i Trøndelag. Det er dermed ikkje opna for lisensfelling av bjørn i Møre og Romsdal i  år. 

30.01.2018

Gaupejakt i Møre og Romsdal 2018

Det kan fellast to gauper på Nordmøre når gaupejakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

20.12.2017

Færre sau erstatta som drept av rovvilt

Fylkesmannen har erstatta 628 sau som tatt av rovvilt i 2017. Dette er 156 færre enn i 2016, og dei nest lågaste tapa i Møre og Romsdal på ti år.

04.10.2017

Søk erstatning for rovviltskade

Du kan no sende inn søknad om erstatning for rovviltskader på husdyr i beitesesongen 2017. Fristen er tysdag 1. november.

28.08.2017

Lisensfelling av jerv, ulv og brunbjørn 2017/2018

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har fastsatt kvoter for årets lisensfelling av jerv og ulv. I Møre og Romsdal kan det fellast fire jervar når lisensjakta startar 10. september.

22.06.2017

Forvaltningsplan for store rovdyr på høyring

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har lagt revidert forvaltningsplan for rovvilt ut til offentleg ettersyn.

01.02.2017

Ustabilitet på kvotetelefonen for gaupe

Det er diverre oppstått problem med kvotetelefonen som skal serve gaupejakta i Møre og Romsdal. Telefonsvararen kan difor vere ustabil i ein periode framover.   

30.01.2017

Kvote for gaupejakta 2017

Det kan fellast to gauper på Nordmøre når gaupejakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

26.10.2016

Opnar for lisensfelling av jerv i jervesona

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge vedtok i møte i Molde 25. oktober endringar knytt til lisensfellinga av jerv 2016/2017.

21.10.2016

Rovvilterstatning for sau 2016

Fristen for å søke om erstatning for rovviltskader på husdyr i beitesesongen 2016 går ut 1. november.