Tilskot til truga arter

Tilskotsordninga skal medverke til å ta vare på prioriterte arter etter naturmangfaldlova, §§ 23 og 24, og truga arter, jf definisjonen av truga arter i Norsk rødliste for arter. Målgruppe for ordninga er grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar. For midlane øyremerka hubro er målgruppa i første rekkje eigarar av straumnett.

Søknader til ordninga skal fremjast elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssystem innan 15. januar 2016.

Meir om målgruppe og krav til søknaden finn du i Rundskriv T1-2015 frå Klima- og miljødepartementet.