Tilskot forvaltingstiltak kulturlandskapsområde

Det kan søkjast om tilskot til forvaltingstiltak i nasjonalt verdifulle kulturlandskap unntatt dei som har fått status som utvalde kulturlandskap.

Målgruppa er grunneigarar og lag og foreiningar på lokalt og regionalt nivå. Privatpersonar, landsdekkjande organisasjonar, kommunar og institusjonar kan òg søkje om tilskot.

Målet for ordninga er å sikre bærekraftig forvalting av naturverdiane i norske kulturlandskap med spesielt høge verdiar knytta til naturmangfald.

Tiltak som kan få tilskot er skjøtsel med sikte på å oppretthalde naturverdiane, som til dømes restaurering og tiltak for å bekjempe framande organismar, samt gjerding, informasjon og tilpassa driftsform i jord- og skogbruk.

Søknader om tilskot til skjøtselstiltak som er forankra i ein skjøtsels- eller tiltaksplan vil bli prioritert. Det oppmodast til samfinansiering, til dømes med tilskot til miljøtiltak i landbruket der dette er mogleg. 

Kor finn du søknadsskjemaet?

Søknaden blir tilgjengeleg elektronisk ved å logge inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter viss du allereie er registrert som brukar der, eller registrere deg som ny brukar.

Treng du hjelp?

For spørsmål om utfylling av søknaden kontakt fylkesmannen i ditt fylke.

Søknadsfrist

Frist for å sende inn søknad: 15. mars 2016

Kontaktpersonar