Forskrift om utsetting av framande treslag til skogbruksføremål

Forskrifta som tredde i kraft 1.juli 2012 medfører at det må søkjast om løyve hos fylkesmannen før utsetting av framande treslag. Føremålet med forskrifta er å hindre at utsetting av utanlandske treslag kan føre til uheldige følgjer for naturmangfaldet. Forskrifta er heimla i naturmangfaldloven sitt kapittel IV om regulering av innførsel og utsetting av framande organismar. Tidlegare var det kommunane som handsama slike saker etter berekraftsforskrifta med heimel i skogbruksloven.

Forskrifta medfører ikkje eit forbod mot utsetting av utanlandske treslag, men opnar for løyve etter søknad. Det stillast krav om aktsemd og tiltak for å hindre vidare spreiing av artane. Søknadene må vurderast frå sak til sak. Eventuelle følgjer for naturmangfaldet blir vektlagt i vurderinga av om det skal givast løyve.

Fylkesmannen behandlar søknader om planting av framande treslag. Søknad skal sendast til fylkesmannen på fastsett skjema to månadar før planlagt utsetting. Skjema for søknad, samt rettleiing for korleis området for utplanting kan kartfestast, finn du på lenkene til høgre. Der finn du også forskrifta, samt rettleiaren.