Vær Smart! - kurs i klimatilpassing

«VÆR SMART!» er Miljødirektoratet sitt kursopplegg om klimatilpassing for kommunane. Kurset er tverrfagleg og relevant for mange ulike delar av kommunen. Det same kurset vil bli arrangert både i Ålesund og Kristiansund.

Klimaet er i endring, og kommunane har eit ansvar for å redusere konsekvensane. Dette involverer mange fagsektorar. Organiseringa av risikovurdering, førebygging og kunnskapsdeling kan vere uklar. Kommunane speler den mest sentrale rolla i arbeidet, og kan mellom anna kome i erstatningsansvar om ting går galt.

Kurset er skreddarsydd for kommunane i Møre og Romsdal. Målgrupper er kommunale sakshandsamarar og ansvarlege innan kommunalteknikk, landbruk, plan, byggesak, miljø, beredskap og juristar, samt private konsulentar. Vi oppmodar kommunane til å delta på kurset med representantar frå fleire fagområde!

Kurset blir hald to gonger, i Ålesund 17.3.2020 og i Kristiansund 17.9.2020, med same innhald. Vi reknar med at kursa vert fulle. Påmeldingsskjemaet gir deg derfor moglegheit til å stå på venteliste på begge kursa. Kursavgifta er kr 750 for offentleg tilsette og kr 1500 for andre.

VÆR SMART! Hald av dagane eller meld deg på kurset med ein gong: https://fylkesmannen.no/nn/More-og-Romsdal/Kurs-og-konferansekalender/2020/03/var-smart/

Programmet kjem like etter jul.