Hjelp til lokal planlegging for klimaendringar

Klimaet er i endring, og kommunane har eit ansvar for å redusere konsekvensane. Statleg planrettingsline for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing (SPR) gir føringar for korleis dette skal handterast i plan. Det er no utarbeida ein rettleiar til delen om klimatilpassing.

Publisert 19.12.2019

Korleis kan kommunen på best mogleg måte legge til rette slik at ein er førebudd på klimaendringane? Det beste verkemiddelet til kommunen er planverktøyet. Tilpassing til verknadane av klimaendringane gjeld grunnleggande samfunnsstrukturar og skal takast omsyn til i alle ledd av samfunnsplanlegginga. Kommunen har ein plikt til å følgje statleg planrettingslinje for klimatilpassing, og skal legge vekt på dei tilrådingane den gjer.

Det er no utarbeidd ein rettleiar som vil gjere arbeidet enklare for kommunen. Rettleiaren tar for seg sentrale prinsipp og gjer svar på:

  • Korleis tilpasse samfunnet til eit klima i endring i samfunnsplanlegging?
  • Korleis ivaretake klimatilpassing i arealplanlegging?
  • Korleis ta omsyn til fare for flaum og skred?
  • Korleis nytte natur til å dempe effektane av klimaendringane?
  • Korleis sørge for naudsynt og oppdatert kunnskap?
  • Kven har ansvar for klimatilpassing?
  • Kor ein finn relevante rettleiarar for klimatilpassing i plan på tema.

Rettleiaren er digital og er å finne på Miljødirektoratet si heimeside: https://www.miljodirektoratet.no/myndigheter/klimaarbeid/klimatilpasning/veiledning-til-statlige-planretningslinjer-for-klimatilpasning/