Forbod mot fyring med mineralolje til oppvarming av bygningar

Frå 2020 vil det vere forbod omt å bruke mineralolje til oppvarming av bygningar. Nokre unntak blir det framleis, men for dei aller fleste vil tida no vere inne til å gå over til anna oppvarming. Det finst framleis støtteordningar å søkje på!

Regjeringa har vedteke ein ny forskrift kor det frå 2020 vil vere forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar.

 

Kva er mineralolje?

Med mineralolje meiner vi her fyringsolje og parafin som blir brukt til oppvarming.

 

Kvifor skal vi slutte å bruke mineralolje til oppvarming?

Forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming er for å minske utslepp av klimagassar. Det er også eit mål at vi skal gå over til fornybar energi, slik som varmepumper, fjernvarme og biobrensel.

 

Kva bygningar gjeld dette for?

Forbodet gjeld for alle bygningar. Nokre unntak er det, som driftsbygningar i landbruket og sjukehus, men desse får berre 5 år ekstra (til 2025) på å slutte med mineralolje. Så hovudregelen er at ingen bygningar skal bruke mineralolje til oppvarming. Dette vil vere skolar, barnehagar, institusjonar og private heimar.

 

Støtte til utskifting

Enova gir støtte til utskifting av oljefyr og oljetank. Støtten vil bli avikla i 2020, så det må søkast om dette i år. Søk støtte her:

https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/fjerne-fossil-oppvarming/

 

Kva skal vi gjere med oljetankar som ikkje lenger er i bruk?

Med forbodet mot fyring med mineralolje vil det føre til ei auka mengd med tankar skal tas ut av bruk og behandlast dei nærmaste åra. Oljetankar som ikkje lenger er i bruk, skal sanerast. Meir informasjon her:

http://www.miljokommune.no/Temaoversikt/Forurensing/Nedgravde-oljetanker/

 

Kva skal kommunane gjere?

Fylkesmannen oppmodar alle kommunar, som i dag ikkje har lokal forskrift for nedgravne oljetankar, om å vedta ei slik forskrift så snart som mogleg. Sidan kapittel 1 i forureiningsforskrifta berre gjeld for tankar som er større en 3200 liter, bør lokal forskrift også inkludere nedgravne tankar som er mindre.

 

I Møre og Romsdal har Kristiansund, Molde og Ålesund vedtatt lokale forskrifter. Dei lokale forskriftene finn de her:

 

Molde: https://lovdata.no/dokument/OV/forskrift/2009-10-22-1607?q=oljetank

Ålesund. https://lovdata.no/dokument/OV/forskrift/2008-09-18-1679?q=oljetank

Kristiansund. https://lovdata.no/dokument/OV/forskrift/2014-10-30-1559?q=oljetank%20kristiansund

Samstundes vil vi minne om at kommunane er mynde for nedgravne tankar uansett om dei har ei lokal forskrift eller ikkje. Fordelen med ei lokal forskrift er at det gjer at krav til tankeigarar blir meir tydelege. Samstundes vil ei lokal forskrift også lette kommunen si sakshandsaming. Gjennom lokal forskrift vil det også kunne bli mogleg å ta gebyr.

 

Kva rolle har Fylkesmannen?

Som regjering og Storting sin representant i fylke har vi oppgåva å informere om regelverk. Vi driv også tilsyn med kommunane i Møre og Romsdal.

 

Meir informasjon

Spørsmål om nedgravne oljetankar, kan sendast til oljetank@miljodir.no. Spørsmål om forbod mot fyring med mineralolje til oppvarming av bygningar kan rettast til oljefyr@miljodir.no.

 

Ei flott informasjonsside finn de på miljøkommune.no. Her ligg også eit webinar som vart halde om tema i haust:

http://www.miljokommune.no/Nyheter/Oljefyring-blir-forbudt---webinar-21-august/

 

Miljødirektoratet har laga veiledning om forbode:

http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M1083/M1083.pdf

 

I tillegg er det meir informasjon her:

http://oljefri.no/

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/forbud-mot-bruk-av-mineralolje-til-oppvarming-av-bygninger-fra-2020-vedtatt/id2606491/

 

Informasjon om støtte til utskifting av oljefyr:

https://www.enova.no/privat/alle-energitiltak/fjerne-fossil-oppvarming/

https://www.enova.no/bedrift/bygg-og-eiendom/historier/epc-gir-resultater-for-tingvoll-kommune/

Kontaktpersonar