Kunngjeringar

Her finn du kunngjering av mellom anna løyve og vedtak etter forureiningslova frå Fylkesmannen i Møre og romsdal.

22.09.2020

Elementpartner AS får løyve til utfylling ved Åndalsnes

Dei skal fylle ut ved eigedomen 27/717 i Rauma kommune for å utvide industriområdet.

09.09.2020

Løyve til tiltak i sjø i Giske kommune

Giske kommune får løyve etter forureiningslova til mudring i Gjøsundet og til deponering og utfylling med muddermassar ved Gjøsundneset industriområde.

07.09.2020

Løyve til utfylling i Breivika, Ålesund kommune

Breivika Industrivei 41 AS får løyve etter forureiningslova til å fylle ut i sjø ved Breivika Industriveg 7-11 og 41 for å utvide industriarealet i området.

01.09.2020

Vikomar AS får løyve til utfylling

Løyvet opnar for utfylling av eit areal på om lag 1 500 kvadratmeter ved gnr. 7 bnr. 11 ved Harøysundet i Hustadvika kommune.

18.08.2020

Løyve til utfylling i sjø ved Fosnavåg

Igesund Eigedom AS får løyve etter forureiningslova til å fylle ut med steinmassar ved "Valen" etter gjeldande reguleringsplan.

13.07.2020

Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til mudring i Leksdalsvatnet i Verdal kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har som settefylkesmann handsama ein søknad frå Fylkesmannen i Trøndelag om skjøtseltiltak i Lyngås-Lysgård fuglefredingsområde som omfattar mudring.

13.07.2020

Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til mudring ved Hammervatnet i Levanger kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har som settefylkesmann handsama ein søknad frå Fylkesmannen i Trøndelag om skjøtseltiltak i Hammervatnet naturreservat som omfatter mudring.

06.07.2020

Løyve til Vartdal Plastindustri AS

Vartdal Plastindustri AS har 02.07.2020 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg for mottak av avfall på Liadal i Ørsta kommune.

03.07.2020

Tine Meieriet Elnesvågen får endra løyve

TINE Meieriet Elnesvågen har 03.07.2020 fått innvilga endring av sitt utsleppsløyve etter forureiningslova frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg i Hustadvika kommune.

02.07.2020

Hofseth Aqua AS får endring av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 02.07.2020 endra mellombels løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.

Fleire nyhende