Forureining frå forbrenningsanlegg med reine brensel

Dette er ei informasjonsside for verksemder med forbrenningsanlegg med reine brensel som fell inn under kap. 27 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til det aktuelle kapittelet i forskrifta. Det er Stasforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.03.2017

Faktaark

Miljødirektoratet har laga eit faktaark for verksemder som driv med forbrenningsanlegg med reine brensel.

Melding til Statsforvaltaren

Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureining med mindre ein har løyve frå forureiningsmyndigheitene eller driv innanfor forskrift gitt for visse verksemder. Statsforvaltaren skal ha melding om alle anlegg som fell inn under forureiningsforskrifta kapittel 27. Eigarar av slike anlegg må sende inn meldeskjema i god tid før anlegget skal takast i bruk. Lenke til meldeskjema finn du til høgre på sida. Utfylt skjema skal sendast elektronisk til sfmrpostmottak@statsforvalteren.no eller i brevpost til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde.