Registrer sjølaksefisket innan 1. juni 2020

Kilenotfiske i Romsdal
Kilenotfiske i Romsdal (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Det er registreringsplikt for alle som skal fiske i sjøen etter laks med fastståande reiskap. Registreringa finn stad direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/. Innlogging skjer via ID-porten. Registeret har òg betalingsløysing for fiskaravgifta.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fastsett frist for registrering innan 1. juni 2020, uavhengig av når sesongen startar.

Fisketidene for Sunnmørsfjordane er foreslått endra til 1. juli – 15. juli. Høyringsfristen er 8. mai. Høyringsdokumenta ligg her: https://hoering.miljodirektoratet.no/Hoering/v2/1056

Fiskarar som registrerte sjølaksefiske i 2019 kan få tilsendt eit registreringsskjema dersom internettløysing ikkje kan brukast. Vær vennleg, gje beskjed om dette.

  • Kvittering for fiskaravgifta og
  • Kart i målestokk 1:20000 (200 m) der fiskeplassen er avmerka

Må i så fall ligge ved til:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Postboks 2520
6404      Molde.

Rapportering

Det er krav om gjenutsetting av sjøaure. Gjenutsatt sjøaure skal rapporterast. Nytt frå 2019 er at det i tillegg til laks og sjøaure også skal rapporterast regnbueaure og pukkellaks. Dette gjeld både ordinær og utvida sesong.