Fylkesskogsamling Molde 3. og 4. mars 2020

Foto: Christina Qvam Heggertveit
Foto: Christina Qvam Heggertveit

Fylkesmannen arrangerte si årlege skogsamling på Seilet i Molde den 3. og 4. mars.

Det var gledeleg stort oppmøte frå dei fleste kommunane, skognæringa og andre stillingar knytt til skogbruk i fylket.

Hovudinnleiarane i år var:

  • Samson Øpstad frå NIBIO prata om hjorteskadar på skog og innmark.

  • Aksel Granhus frå NIBIO fortalte om Landskogtakseringa og effektar av ulik skogbehandling.

  • Per Odd Rygg i Landbruksdirektoratet hadde ein gjennomgang av nye oppgåver som er lagt til kommunane, forvaltning av tilskot til skogsveg og drift.

  • Janne Kjønaas frå NIBIO fortalte om prosjektet BalanC. Det omhandlar karbonbalansen i skog på Vestlandet kor ein ser på forskjellane mellom granskog og bjørkeskog.

Etter årsmøtet i Forstmannslaget drog vi for å sjå på oppføringa av Idrettens hus. Eit bygg med mykje tre og imponerande storleik. Svartkjeltimen blei arrangert i nybygd gapahuk tilhøyrande Holsmarka besøksgård.

Dag to hadde meir tradisjonelt innhald; innlegg frå næringsaktørane, statistikk for aktiviteten i fjor og planane framover. 

Som vanleg var det gode diskusjonar, mykje nettverksbygging og triveleg lag.