Ekstra tilskot til skogplanting

Granplanter med og uten voks. Foto: Odd Løset
Granplanter med og uten voks. Foto: Odd Løset

Om lag ein million skogplanter skal plantast i Møre og Romsdal i vår. Koronasituasjonen har ført til ein krevjande situasjon for skogbruket, og det er derfor innført eit midlertidig tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2020.

Covid-19 utbrotet har gjort det krevjande for skogbruket å få tilgang til naudsynt arbeidskraft til mellom anna planting, og ei ekstra utfordringa med bemanning i plantesesongen som nå står for døra.

Restriksjonane fører til økte kostnader for aktørane i skogbruket. Landbruks- og matdepartementet har derfor etter dialog med avtalepartane i jordbruks-forhandlingane og næringsorganisasjonane i skogbruket omdisponert midlar under Landbrukets utviklingsfond (LUF) til skogbruk.

Det ekstraordinære plantetilskotet er sett til 1,30 kroner per skogplante for å kompensere for kostnadsauke ved planting som følge av restriksjonar innført etter utbrotet av Covid-19.

Tilskot til næringsaktørar

Tilskot etter den nye midlertidige forskrifta kan løyvast til skogeierandelslag og andre næringsaktørar (Allskog og Nortømmer) som utfører planting på vegne av skogeigar våren 2020. Skogeigarar som leiger inn dei verksemdene det er vist til over for å få planta skog, skal ikkje sjølv søkje om ekstraordinært tilskot, då dette vert gjort av desse føretaka.

Link: Midlertidig forskrift om tilskudd for å sikre planting av skogplanter våren 2020

Tilskot til skogeigar

For plantearbeid som vert utført av skogeigar sjølv eller av andre aktørar som skogeigar engasjerer, skal tilskot tilsvarande tilskotssatsen bli løyvd gjennom tilskotsordninga som følgjer av Forskrift om tilskudd til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK-forskrifta). Skogeigar søker som vanleg til kommunen, og tilskotet blir utbetalt til skogeigar.

Nettkurs om skogplanting

Skogkurs har lansert eit nettkurs om skogplanting. Målgruppa er nye «plantørar», og dei som treng ei oppdatering. Kurset gir grunnleggjande innføring i skogplanting og skal gjere deltakaren i stand til planleggje, gjennomføre og dokumentere planting i tråd med instruks, sertifiseringsordningar og HMS. Det tek om lag 2-3 timar å gjennomføre på PC, nettbrett eller mobiltelefon.

Sjå: Nettkurs skogplanting