Utlysing av midlar til klimariktige val for offentlege bygg og auka bruk av tre

Idrettens Hus i Molde. Tone Rangnes til høyre, prosjektleder for byggeprosjektet
Idrettens Hus i Molde. Tone Rangnes til høyre, prosjektleder for byggeprosjektet

Kommunane kan no søkje støtte til å heve kompetansen om å byggje i tre, og til planlegging for meir berekraftige bygg.

Byggsektoren påverkar klimaet

Byggsektoren har eit betydeleg klimafotavtrykk. Potensialet for å redusere klimagassutsleppa frå denne sektoren er stort. Det oppnår vi gjennom gode val av byggjematerialar, god planlegging av både byggjeprosess og drift av ferdige bygg.

Kommunen si særlege rolle

Kommunane har ei særleg rolle som drivar for eit berekraftig samfunn, spesielt med omsyn til transport, avfall, bygg og bustader. Bygg står for ein tredel av alle klimagassutslepp, og med dei rette tiltaka kan god planlegging av bygg bli eit effektivt verkemiddel for å redusere utsleppa.

Tre er klimavennleg fornybar ressurs

Tre er ein fornybar ressurs, som tek opp og lagrar karbon frå atmosfæren gjennom fotosyntesen. Potensialet for å lagre karbon i bygg av tre er stort. Offentlege byggeigarar realiserer stadig fleire bygg med mål om redusert klimafotavtrykk, og vi får stadig fleire større bygg i tre og krysslaminerte byggjeelement/massivtre. Dette er eit viktig bidrag. Erfaringane er at trebygg ikkje treng å vere dyrare enn andre typar bygg, og fører til betre klimagassrekneskap for byggherren.  

Smarte byggjemåtar

Å byggje med krysslaminerte byggjeelement er likevel ganske nytt for dei aller fleste byggherrar, prosjektleiarar, arkitektar, utførande entreprenørar og handverkarar. Behovet for å utvikle ein dialog for læring og byggje kunnskapsnettverk understrekast av ein rekke aktørar. Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal finansierar Tredrivaren, eit samarbeidsprosjekt med formål om å styrke verdikjeda til tømmer. Prosjektet skal leggje til rette for auka bruk av tre i bygg, auka kompetanse om bruk av tre som byggemateriell for både planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar og i treindustrien, og å bidra til innovasjon i trebasert industri.

Søk støtte

Gjennom Tredrivarens kompetansehevingsprogram kan kommunane i Møre og Romsdal søke støtte på inntil kr 40.000 per prosjekt. Midlane skal brukast til å heve kompetanse om å byggje i tre, og planlegging for meir berekraftige bygg. Tidlegare søknadar har handla om støtte til konsulenthjelp, kurs og studieturar.

Søknader skal merkast Tredrivaren sitt kompetanseprogram, og sendast til
fmmrpost@fylkesmannen.no 

Søknadane blir behandla fortløpande.