Stipend for å fremme smart bruk av tre i Møre og Romsdal

Daniel Breivik, mannen bak oppgåva «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?»
Daniel Breivik, mannen bak oppgåva «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?»

Tredrivaren i Møre og Romsdal lyser ut stipendet for samarbeid mellom studentar, utdanningsinstitusjonar og trebasert industri og næring.

Prosjektet Tredrivaren

Tredrivaren er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Prosjektets formål er å styrke verdikjeda til tømmer. Prosjektet skal leggje til rette for auka bruk av tre i bygg, auka kompetanse om bruk av tre som byggemateriell for både planleggarar, utbyggjarar, entreprenørar og i treindustrien, og å bidra til innovasjon i trebasert industri.

Stipendiet

Ordninga passar for studentar med fag som er interessante for treforedling- og byggebransje, og anna trebasert næring i Møre og Romsdal. Det kan søkjast om stipend til studiepoenggjevande oppgåver, laga i samarbeid med bedrifter med verdiskaping ved bruk av tre. Bedrifta må høyre til i Møre og Romsdal.

Stipendordninga skal skape møteplassar mellom industri og studentar, der idear skal få ein sjanse til å bli utprøvde og utvikla. Målet er å legge til rette for kompetanseheving, innovasjon og rekruttering. Samarbeidet er i seg sjølv også eit mål, som utgangspunkt for kompetanseheving i bedriftene, innovasjon, og rekruttering til bransjane og regionen. Vi håper også at ordninga kan gi motivasjon til studentar innan relevante fagområde. 

Kva

Stipendet er på kr 10 000 pr oppgåve og er tenkt å kunne dekke reise og opphald for studentar ved bedriftsbesøk i samband med oppgåva.

Kven kan søke

Studentar kan søkje saman med bedrifter i Møre og Romsdal. Oppgåvene skal ha som mål å fremme smarte løysingar for bruk av tre, trebasert industri/bedrifter i Møre og Romsdal. Studentane skal vere knytte til eit studieprogram på bachelor- eller masterprogram innan eit relevant fagområde. Prosjektideen må vere godkjent av ein rettleiar, oppgåva må gi studiepoeng og kunne inngå i ein grad.

Det er tidlegare gitt stipend til oppgåver i det tverrfaglege emnet «Eksperter i team» ved NTNU, og til masteroppgåve i entreprenørskap og innovasjon ved Handelshøgskolen, NMBU.

Gjennom «Ekspertar i team» kom fleire gode idear i løysing av oppgåva «Produktutviklingspotensiale for nye treprodukter i sykehus og andre helsebygg». Dei er beskrivne i rapport frå forprosjektet «Tre og helse».

Last ned rapporten her eller i sidefeltet

I Masteroppgåva «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?» kan du lese om brukardriven innovasjon og næringsklynger si rolle for å kunne få til auka bruk av tre i Norske landbruksbygg.

Last ned oppgåva «Korleis kan bruk av tre i landbruksbygg aukast?» her eller i sidefeltet

Korleis søke om stipend

Fyll inn alle opplysningar i vedlagde søknadsskjema, og send det som vedlegg til e-post til: fmmrchhe@fylkesmannen.no 

Søknadsskjema i Word-format

Søknadsskjema i PDF-format