Kva betyr det grøne skiftet for trebaserte næringar

Foto: ProtoMore
Foto: ProtoMore

Med overskrifta Trebaserte næringar; kva moglegheiter gir det grøne skiftet - inviterte Tredrivaren eit knippe bedrifter frå verdikjeda til tømmer til ein innovasjonsverkstad saman med ProtoMore. Saman såg deltakarane framover og drøfta kva det grøne skiftet betyr for etterspørselen etter trebaserte produkt.

Teknologisk utvikling gjer at tre har fått auka bruksområde. Tre er vårt einaste fornybare byggemateriale og etterspørselen etter berekraftige bygg aukar. Dette er i tråd med FNs berekraftsmål og nasjonal politikk med mål om sirkulærøkonomi og lavutslepssamfunn. Meir bruk av trebaserte materialar reduserer klimabelastninga frå norske bygg og bustader. Tre som byggemateriale har dessutan fleire eigenskapar som er positive både når det gjeld trivsel og folkehelse.

Treet sine positive eigenskapar gir høve for auka verdiskaping i trebaserte næringar.

Den 16. juni arbeidde seks trebaserte verksemder frå ulike ledd i verdikjeda saman om korleis ein skal utnytte dei moglegheitene som no ligg i trebaserte produkt. Deltakarane representerte eit stort spenn av kompetanse innan ulik bruk av tre, dei kom frå føretaka: Tradisjonsbygg, Ous og Emdal, Bøfjorden sag, Jatak Fræna, Solem sag og Talgø. Som innleiarar og diskusjonspartnarar hadde vi med oss Anders Qvale Nyrud, professor i treteknologi, NMBU, Aasmund Bunkholt frå Trefokus, Stig O. Jacobsen frå Berg Jacobsen Gruppen, Kristin Støren Wigum, Tredriver for Kystskogbruket og Pasi Alto frå NTNU Wood.

Gjennom innlegg og gruppediskusjonar endevendte vi spørsmål om framtidsmarknader, trendar, nye måtar å nytte tre på, samarbeid på tvers av næringar og mellom verksemder. Vi drøfta samarbeid med forskarar og studentar, arkitektane si rolle i byggeprosessar, potensiale, hindringar, utveksling og utvikling av kompetanse og rekruttering. Stig Jacobsen fortalde om spennande planar for eit nasjonalt kompetansesenter for eigedomsfag, Macè-senteret, i Molde.

Neste samling med workshop for desse verksemdene vil bli halde 2. september ved ProtoMore.