Samling for unge bønder

Elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule
Elevar ved Gjermundnes vidaregåande skule

Fire landbruksorganisasjonar og fylkesmannen inviterer til samlig for unge bønder 2. og 3. februar. Målet er å formidle nyttig kunnskap om næringa og å bygge nettverk mellom bønder. På samlinga inngår fleire gardsbesøk.

Deltakarane får høve til å sjå ulike driftsformer - både innanfor tradisjonelt landbruk og attåtnæringar: Eli Sjåstad vil presentere Ørskog samdrift og Johan Øvrebust frå Stordal vil fortelje om gardsdrifta si basert på sau og fjordfe. Petter Melchior vil presentere si allsidige drift med geit, turisme og vidareforedling av kjøtt og bær. Vidare blir det gardsbesøk hos Bastian Weiberg-Aurdal i Sykkylven, som har bygd fjøs i massivtre.

Samlinga er gratis for dei som er medlemer i ein av dei organisasjonane som er arrangørar.