Økologisk landbruk

I økologisk produksjon blir det sett ekstra krav til miljøomsyn og dyrevelferd. Økologisk landbruk kan bidra til å gjere norsk landbruk meir miljøvennleg og berekraftig, fordi erfaringar frå økologiske driftsformer blir overførte til det det konvensjonelle jordbruket.

I økologisk landbruk er målet å bruke dei lokale og fornybare ressursane på kvart gardsbruk og å bevare og forvalte det biologiske mangfaldet og kulturlandskapet. Det blir til dømes ikkje nytta kunstgjødsel eller kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, og regelverket avgrensar kor mange dyr som kan haldast på eit bestemt areal. Økologisk landbruk bidreg dessutan til auka matmangfald og at forbrukarane får tilgang til produkta dei ønskjer. Debio godkjenner og fører kontroll med den økologiske landbruksproduksjonen. 

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmennene har ansvar for å støtte utviklinga av økologisk landbruk gjennom forvaltning av tilskot til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Dette er midlar som kan løyvast til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan.

Vis meir

4,2 % av jordbruksarealet i Møre og Romsdal er omlagt til økologisk drift. Dette talet er dobla på åtte år. Over 8 % av sauene er drivne økologisk, medan berre 1,3 % mjølkekyrne er økologiske. Dei klimatiske tilhøva i Møre og Romsdal, i tillegg til vanskar på marknadssida med mjølk og kjøt,er i stor grad årsakene til at omlegging til økologisk drift ikkje har gått like fort i fylket vårt som i andre regionar i landet.


21.09.2017

Ei heil veke med økologisk mat og landbruk

Fire temadagar pluss familiehelg: Neste veke går Økouka i Møre og Romsdal av stabelen på Tingvoll. Her er det spennande tema for landbruks- og matinteresserte i alle aldersgrupper.

28.10.2016

Inspirasjonsbønder til ØKOLØFTmøte i Molde

Torsdag 17. november kl 11-15 kjem to av inspirasjonsbøndene i Landbrukets ØKOLØFT til Alexandra hotell i Molde, for å delta på ope landbruksmøte.

06.09.2016

Interessante tema i ØkoUka 2016

Stevnemøte mellom lokale produsentar av økologiske matvarer, leverandørar og kokkar i Molde, familiedag på Moldegård, parselldyrking, parsellsafari, forteljarstunder i drivhus, humler og bier, grønsakkooperativ, kompost, mangeårig økobonde Nils Drabløs, Shabana Rehman, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, osv er stikkord som dukkar opp i programemt for ØkoUka. Kom og delta.

16.08.2016

Utviklingsmidlar til økologisk landbruk

Kvart år vert det sett av middel til utviklingstiltak innan økologisk landbruk over jordbruksoppgjeret. Midla vert forvalta av Landbruksdirektoratet. Søknadsfrist er 15. september.