Andelslandbruk
Andelslandbruk er ei form for direkte omsetnad og dialog mellom gardbrukar og forbrukarar. Forbrukarar kjøper deler av garden sin produksjon, og tek imot varer frå garden utan mellomledd. Det unike er at forbrukaren kjøper ein lott av garden sin produksjon, t.d. for eit år om gongen. Risikoen for årsavlinga blir delt mellom lotteigarane. Forbrukarane kan delta i planlegging av gardsdrifta.
Oikos – Økologisk Norge har ansvaret som nasjonal koordinator for andelslandbruk, på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. Prosjektperioden for dette er frå 2015 – 2016. Oikos skal bidra med informasjon, foredrag, rettleiing og bistand for andelslandbruk.
Landbruk Nordvest – gir mellom anna dyrkingstekniske råd til andelslandbruk i Møre og Romsdal
Debio – kan godkjenne andelslandbruk som ønskjer å vere ein del av kontrollordningen for økologisk produksjon.
Interessa blant forbrukarar om å bli andelseigarar er aukande. Dei bynære andelsgardane har i dag ventelister for å bli eigarar av ein lott. Sidan 2006 til 2014 har det blitt etablert 21 andelsbruk, og fleire er under etablering.