Evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap

Jorbrukslandskapet i Flydalen, i verdsarvområdet
Jorbrukslandskapet i Flydalen, i verdsarvområdet (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

På oppdrag frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Vestland, har Telemarksforsking gjennomført ei evaluering av verdsarvsatsinga Vestnorsk fjordlandskap. Denne satsinga består av delområda Nærøyfjorden og Geirangerfjorden.

Bakgrunnen for evalueringa er at det er vedtatt ei ny «forskrift om tilskot til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap». Ny forskrift er eit ledd i Stortinget sitt vedtak om at ansvaret for forvaltinga av tilskota skal bli overført frå fylkesmannen til kommunane.

Evalueringa ser nærare på følgande punkt:

  • Erfaringar med eksisterande tilskotssystem
  • Behov for samordning med andre tilskotsordningar
  • Behov for tilpassa forvalting i delområda
  • Konsekvensar av nytt tilskotssystem
  • Tiltak for forbetring av forvaltinga

Evalueringa baserer seg i hovudsak på intervju med sentrale aktørar knytt til forvaltninga. I tillegg er det tatt utgangspunkt i forvaltningsplanar og tiltaksplanar for verdsarvområda og nytta informasjon frå eksisterande evalueringar og utgreiingar knytt til verdsarvområda. Det er òg nytta tal og statstikk over tildeling av midlar.

Samla sett er konklusjonen at forvaltninga av ordninga har fungert rimeleg bra. Dei viktigaste forbetringspunkta som blir foreslått, er som følger:

  • Det er viktig at ordninga blir styrka økonomisk for å nå måla om å styrke landbruket i verdsarvområdet. Det er særs viktig å styrke tilskot til investeringar i driftsbygningar. Det er grunn til å sjå nærare på differensieringa av satsande for beitedyr for bruk innanfor og utanfor verdsarvområdet, spesielt med utgangs-punkt i situasjonen i Geiranger. I tillegg til bør ein vurdere moglegheiter for støtte innkjøp av spesial-utstyr til slått og skjøtsel i tungdrivne område.
  • Det er behov for eit meir formalisert samarbeid mellom dei aktørane som har verkemidlar retta mot forvaltning av verdsarvområdet. Dette for å betre kunne koordinere og prioritere innsatsen.
  • Det er behov for å oppdatere eksisterande skjøtselsplanar og utarbeide nye der det ikkje finst frå før. Nærøyfjorden har i større grad nytta skjøtselsplanar som grunnlag for tildeling av tilskot enn det som er gjort i Geiranger.
  • Det er behov for å oppdatere tiltaksplanen for verdsarvområdet, og sørge for at det er samsvar mellom forskrift, tiltaksplan og forvaltningsplanar for verneområda. Dette er viktig for å sikre ei god, effektiv og føreseieleg forvaltning.
  • Det kan vera behov for å i større grad standardisere forvaltninga av dei to delområda slik at ein lettare kan ta i bruk det (nye) elektroniske fagsystemet Agros. Det er i dag ulike system for berekning av tilskot, og det varierer kven som kan søke. Det er uheldig og lite effektivt dersom delar av forvaltninga skal ligge innanfor systemet, mens andre delar må handterast utanfor. Det er ein for-del om forvaltninga i delområda er mest mogleg lik, men det må vera rom for prioriteringar som tek omsyn til at utfordringane er ulike. Utfordringane knytt til å oppretthalde landbruksdrift i verdsarvområda er større i Geiranger enn i Nærøyfjorden. Dersom ein utarbeider skjøtselsplanar for dei ulike bruka, kan det gje grunnlag for eit standardisert opplegg for berekning av areal-støtte.
  • Ved overføringa av ordninga til kommunane må dei landbrukskontora som får ansvar for forvaltninga, få tildelt ressursar som gjer at dei kan ivareta oppgåva på ein god måte. Samarbeids- og koordineringsbehovet vil ikkje blir mindre gjennom kommunal forvaltning, noko som i enda sterkare grad understrekar behovet for etablering av formaliserte samarbeidsforum.
  • Det vil vera ein fordel å vidareføre dei årlege besøksrundane knytt til oppfølging og kontroll av ordninga. Desse besøka har vore viktige for å sikre god dialog mellom brukarane og forvaltninga, og dei har vore viktige for å finne løysingar på utfordringar som brukarane måtte ha.
  • I og med at vi snakkar om forvaltning av område på UNESCOs verdsarvliste, og dermed område med eineståande internasjonale verdiar, er det viktig at fylkesmannen framleis har ei tydeleg aktiv rolle knytt til forvaltninga når det gjeld regional koordinering, rettleiing og kvalitetssikring. At staten har ei tydeleg rolle er òg viktig for å synleggjere at det er i nasjonens interesse å ta vare på verdsarven.

Rapporten i sin heilheit ligg i margen på høgre side.