Håndbok «Jordmassar – frå problem til ressurs. Ta vare på matjorda»

Ny handbok skal bidra til at matjorda blir tatt vare på i tilfelle areal blir omdisponert til andre føremål enn jordbruk. På den måten kan jordressursen oppretthaldast, slik at den kan brukast til matproduksjon i framtida også.

Representantar frå Norsk Landbruksrådgiving og NIBIO har dei siste to åra arbeidd med ei omfattande handbok i bruken av overskotsmassar til jordbruksføremål. Handboka er ein del av eit større prosjekt som også omfattar ein rettleiar for offentlig forvaltning kring same tema. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil leggje denne rettleiaren til grunn i framtidig sakshandsaming, som omhandlar omdisponering av matjord.

Føremålet med handboka er å vise korleis vi best kan nytte udyrka overskotsmassar til nydyrking eller forbetring av eksisterande jordbruksareal, med spesielt fokus på myrjord. Handboka ser også på framgangsmåtar for å flytte matjord utan at kvaliteten blir forringa, og på framgangsmåtar ved mellombelse tiltak på dyrka mark.

Intensjonen er at denne fagrettleiaren skal brukast til å bistå både forvaltning, bønder og entreprenørar, som eit godt verktøy for å få til meir samfunnsnyttig disponering av jordmassar som må flyttast på.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil leggje denne rettleiaren til grunn ved framtidige reguleringsplanar og tiltak som inneber omdisponering av matjord. På den måten kan vi oppretthalde jordressursen, slik at den framleis kan nyttast til matproduksjon.

Meir informasjon om handboka finn du på Norsk Landbruksrådgiving sine heimesider

https://vest.nlr.no/nyheter/2018/haandbok-jordmassar-fraa-problem-til-ressurs-ta-vare-paa-matjorda/

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har bidratt økonomisk til dette prosjektet. Handboka finn du som vedlegg i høgre marg.