Utbetaling av produksjonstilskot for søknadsomgangen 2019

Til bøndene i Møre og Romsdal vart det i februar 2020 utbetalt 696 mill. kroner i produksjonstilskot og avløysartilskot for søknadsomgangen 2019.

2391 føretak fekk i februar utbetalt til saman i overkant av 696 mill. kroner. Dette fordeler seg på 613 mill. kroner i produksjonstilskot og 83 mill. kroner i avløysartilskot ved ferie og fritid.

Tilsvarande tal for året før var 2538 føretak og utbetalingar på til saman 695 mill. kroner. Dette betyr i reine tal at det var ein nedgang frå 2018 til 2019 på 147 føretak, men 86 av desse skuldast at Rindal kommune gjekk ut av fylket vårt f.o.m. 01.01.2019. Dette forklarer dermed ca. 60 % av nedgangen i tal føretak.

Når vi ser på driftsgreinene, så ser vi at det er ein viss nedgang i talet på mjølkeprodusentar og i talet på sauebønder. Også talet på kyr og talet på sauer går ned.

Talet på mjølkeprodusentar var 736 i oktober 2018 og 665 i oktober 2019. Det betyr ein nedgang på 71 mjølkebruk, men 47 av desse skuldast at Rindal kommune ikkje lenger høyrer til i fylket. Talet på mjølkekyr var 20 996 i oktober 2018 og 18 683 i oktober 2019. Også her skuldast det meste av nedgangen at Rindal har gått ut av fylket. Korrigert for at Rindal kommune har gått ut av fylket har vi ein nedgang på 24 mjølkebruk og nesten 900 mjølkekyr i den aktuelle perioden.

Talet på sauebruk er redusert frå 1088 til 1020. Av denne reduksjonen på 68 bruk skuldast 25 at Rindal kommune er borte. Ein korrigert nedgang på 43 bruk inneber ein viss reduksjon. Talet på sauer var 58 808 i mars 2018 og 54 311 i mars 2019. Korrigert for at Rindal kommune har gått ut av fylket, har talet på sau gått ned med litt over 2800 sauer.

Elles ser vi at talet på ammekuprodusentar og talet på ammekyr har gått litt opp. I oktober 2019 var det registrert 316 føretak med ammekyr og totalt 4 482 ammekyr. For andre produksjonar er det berre ubetydelege endringar samanlikna med året før.

Det har vore ein langvarig trend at talet på bruk i drift har gått ned. Ein gjennomgåande trend har også vore at det er dei minste bruka som er blitt lagt ned og at dei som er att er blitt større. I det siste kan det sjå ut som at det like gjerne er forholdsvis store bruk som blir lagt ned. Det kan vere ulike årsaker til det. Også forholdsvis store bruk kan ha store investeringsbehov dei neste åra og usikkerheit vedkomande framtidig drift kan like gjerne ramme store som små bruk. Marknadssituasjonen er også i endring, med redusert etterspørsel etter mjølk og kjøtt. Det verkar inn på driftsøkonomien til store bruk i minst like stor grad som til små bruk.

Kontaktpersonar