Møte om veterinær vaktstruktur i Averøy, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Aukra og Molde

Landbruksdirektoratet har invitert kommunar saman med lokallag frå faglaga i landbruket og veterinærforeininga til møte den tysdag 25.august om veterinær vaktstruktur i Averøy, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Aukra og Molde. Målet med møtet er at dei ulike partane skal få fortelje Landbruksdirektoratet kva for utfordringar som er i dei aktuelle områda og komme med forslag til løysingar. Landbruksdirektoratet vil handtere oppfølginga av desse innspela.

Bakgrunnen for gjennomgangen

I juni 2018 bad Landbruksdirektoratet fylkesmennene utarbeide eit forslag til nye vaktdistrikt for deira fylke som følge av vedtatte, nye kommunegrenser frå 1.1.2020 og andre vesentlege endingar som hadde hatt stor betydning for vaktorganiseringa. Fordi sjansane var så store for at vakt- og administrasjonstilskotet kunne bli overført til rammefinansiering til kommunane i nær framtid, var det ikkje ønskeleg å legge ned store ressursar i en gjennomgang av ordninga med tilhøyrande veterinærvaktdistrikt. Derfor opna Landbruksdirektoratet berre for å gjere mindre endringar i vaktdistriktstrukturen i gjennomgangen i 2018. Utgangspunktet var at dei 160 vaktdistrikta skulle bestå, og at det berre var i heilt nødvendige tilfelle at fylkesmannen skulle komme med forslag til endringar. Resultatet av gjennomgangen av vaktstrukturen i 2018 var at det ikkje vart gjort endringar i Møre og Romsdal.

Våren 2019 vedtok Stortinget at vakt- og administrasjonstilskotet skulle overførast til rammefinansiering til kommunen frå 2020. Dette vedtaket ble reversert hausten 2019, noko som førte til at Landbruksdirektoratet vedtok ny, veterinær vaktdistriktstruktur gjeldande frå 2020. Ny vaktdistriktstruktur frå 2020 er basert på føringane Landbruksdirektoratet ga, samt innspela frå fylkesmennene. Når Landbruksdirektoratet ikkje fann grunnlag for å endre nokre av vaktdistrikta i Møre og Romsdal, hang dette samen med at det ikkje var lokal einigheit om endringane som var foreslått i veterinærvaktdistrikta.

Vegen vidare

Når det no er bestemt at vakt- og administrasjonstilskotet framleis skal vere øyremerka tilskot og Landbruksdirektoratet skal fortsette å fastsette vaktdistriktstruktur for fordeling av desse tilskota, er dei opne for dialog om framtidig vaktdistriktstruktur. Landbruksdirektoratet har i supplerande tildelingsbrev bede Fylkesmannen i Møre og Romsdal om å organisere ein prosess i siste halvdel av 2020 med tanke på å sjå nærare på vaktdistriktstrukturen i Averøy, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Aukra og Molde. Bakgrunnen for at dei ønsker å sjå nærmare på akkurat desse områda no, er mange har kome med ønskje om endringar i veterinærvaktstrukturen i desse områda.

Tysdag 25.august er derfor kommunane Averøy, Hustadvika, Gjemnes, Kristiansund, Aukra og Molde kalla inn til eit møte i Molde med Landbruksdirektoratet. Dei andre partane i møtet er lokallag av Den Norske Veterinærforening, lokallag av Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag, samt Fylkesmannen i Møre og Romsdal. 

Kontaktpersonar