Nytt om gardskart og kommunereform

Flybilde gjer det mogleg å sjå bilde av terrenget i ønska målestokk, her frå Fiskåbygd i Vanylven. Kilde: Nibio.no
Flybilde gjer det mogleg å sjå bilde av terrenget i ønska målestokk, her frå Fiskåbygd i Vanylven. Kilde: Nibio.no

Frå 1. januar 2020 gjeld nye kommunegrenser over store deler av landet. Svært mange får nye gards- og bruksnummer på sine eigedomar. Alt dette vedkjem også kartet.

Kommunereform og kart

Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio.no) er ute med nytt nummer av Gårdskartnytt, der m.a. nye kommunenummer og gards- og bruksnummer er omtala. 

Det er tusenvis av endringar som skal skje. Statens kartverk vil oppdatere kommunenummer og gards-og bruksnummer maskinelt for heile landet. Der etter oppdaterer Landbruksdirektoratet sine register. Når det er gjort, skal gardskart på internett og Kilden fungere som normalt igjen.

Nedlasting av kartdata vil også fungere for nye kommunar og fylke eit par dagar ut i januar.

Endringar i Møre og Romsdal 2020

I fylket vårt blir det ei rekkje kommunesamanslåingar. Ålesund, Molde, Volda, Fjord og Hustadvika kommunar blir nye, og tek opp i seg mange kringliggande kommunar. Halsa går til Trøndelag, og Hornindal blir ein del av Volda. Klikk her for å sjå kommunenummer for dei nye kommunane. På same sida kan du også laste ned fullstendig liste over alle endringar i landet.

Nytt i Kilden

Nibio oppdaterte i november Kilden med nokre mindre justeringar + fleire nye kartlag frå NVE, alt knytt til Vannforskrifta. Der kan du finne miljøtilstand, miljømål, påvirkning, osv.

Arealbarometer på web

Dette blir lansert på nyåret. Nibio har utvikla ei løysing, som hentar informasjon frå ulike databasar, og presenterer resultatet som ein integrert del av sine nettsider.