Ordførardag

Dato:
6. desember 2019 09:30 - 14:00
Stad:
Scandic Alexandra Molde
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Ordførarar og varaordførarar

Invitasjon til ordførardag 2019

Fylkesmannen ynskjer å invitere ordførarar og varaordførarar til ein ordførardag i Molde

Tid: 6. desember 2019, kl 9.30 - 14.00

Stad: Scandic Alexandra Molde

Noreg er eit av verdas tryggaste land å leve i. Vi har eit stabilt og demokratisk samfunn med lågt konfliktnivå. Vi opplev likevel alvorlege hendingar som vi må vere budd på å handtere lokalt, regionalt og nasjonalt. Kommunar har eit særskilt ansvar for tryggleiken til sine innbyggjarar og dei som er på besøk i kommunen.

Fylkesmannen ynskjer derfor å invitere til ein fagdag for kommunane sin øvste politiske leiing, der samfunnstryggleik er på agendaen. Dagen vert nytta til å snakke om samfunnstryggleik generelt, og kommunen sitt ansvar innanfor samfunnstryggleik spesielt. I tillegg set vi av tid til erfaringsdeling, der nokre kommunar delar erfaring rundt handtering av uønskte hendingar.

Programmet kjem etter kvart.

Økonomi: Samlinga er gratis.  Fråfall etter bindande påmelding vert fakturert med kr 470,- + administrasjonsgebyr på kr 250,-

Påmeldingfrist: Det er elektronisk bindande påmelding innan 6. november 2019.

Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida. Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Stadfesting:

Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar. Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
6. desember 2019 09:30 - 14:00
Stad:
Scandic Alexandra Molde
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Ordførarar og varaordførarar