Kampen om sjøareala

Dato:
12. november 2019 09:00 - 13. november 2019 15:00
Stad:
Scandic Parken, Ålesund
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune
Målgruppe:
kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar

Nasjonal plankonferanse - planlegging i kystsona

 

Det blir strømming av konferansen! Foredraga blir sendt i sanntid her

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar til nasjonal plankonferanse i Ålesund 12. – 13. november 2019.

Jobbar du med, eller lurar du på noko av dette? 

  • Korleis vektar vi samfunnsnytta i kystsonesaker? 
  • Kva treng vi for å få gode planar og konsekvensutgreiingar i sjø?
  • Ryddar vassforvaltninga opp etter aktivitetar og utslepp frå land?
  • Kva er konsekvensane av motstridande interesser og aktivitetar langs kysten?

Tema for konferansen er planlegging og motstridande aktivitetar i kystsona med særleg vekt på kunnskapsgrunnlaget og gode eksempel.

Vi har laga ein nasjonal arena der politikarar og saksbehandlarar får den nyaste informasjonen og ikkje minst kan dele erfaringar.

Tid: 12.-13. november 2019

Stad: Scandic Parken, Ålesund

Økonomi: Du kan velje mellom følgande konferansepakkar:

  • Konferanse, overnatting og middag, kr 3000,-
  • Konferanse utan overnatting med middag, kr 2000,-
  • Konferanse kr 1500,-

Påmelding: Påmeldinga gjerast på heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune: https://mrfylke.no/kalender/regional-og-naering/kampen-om-sjoeareala

 

Dato:
12. november 2019 09:00 - 13. november 2019 15:00
Stad:
Scandic Parken, Ålesund
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune
Målgruppe:
kommunar, fylkeskommunar, statlege sektormyndigheiter, nærings- og interesseorganisasjonar