Fylkesmannen inviterer til markering på Åndalsnes "Kan Raumavassdraga friskmeldast?"

Dato:
1. november 2019 10:30 - 16:30
Stad:
Åndalsnes
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Miljødirektoratet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet
Målgruppe:
Innbyggere i Rauma kommune og elveeierlag, organisasjoner og forvaltning
Påmeldingsfrist:
27.10.2019 23:59:00

Elvane i Raumaregionen har vore infisert av lakseparasitten Gyrodactylus salaris i 40 år.

Etter behandling og fem år karantene er det no håp om at parasitten er heilt borte frå elvane. 1. november vil Mattilsynet konkludere om elvane kan friskmeldast basert på prøvar tatt no i haust.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen og fylkesmann Rigmor Brøste blir med på markeringa på Rauma kulturhus. Denne vil innehalde fagomtale omkring lakseparasitten og det arbeidet som er gjennomført.

Tid: 01. november 2019

Stad: Rauma kulturhus, Åndalsnes

Økonomi: Dagsamlinga er gratis. Du må sjølv dekkje reisekostnadane og evt. overnatting.

Prisar:

  • Deltaking med overnatting i enkeltrom 01.-02. november, kr 945,-
  • Deltaking med overnatting i dobbeltrom 01.-02. november, kr 595,- pr pers

Om du treng overnatting 01.-02. november må du krysse for det i påmeldinga. Denne overnattinga må du betale sjølv direkte til hotellet, jf oppgitte prisar.

Grunna førebuing av lunsj er det elektronisk bindanda påmelding innan 27. oktober 2019. Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
1. november 2019 10:30 - 16:30
Stad:
Åndalsnes
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Miljødirektoratet, Mattilsynet, Veterinærinstituttet
Målgruppe:
Innbyggere i Rauma kommune og elveeierlag, organisasjoner og forvaltning
Påmeldingsfrist:
27.10.2019 23:59:00