Kommunesamling - tilskot i jordbruket

Dato:
3. oktober 2019 10:00 - 4. oktober 2019 13:00
Stad:
Scandic Alexandra
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Kommunal landbruksforvaltning

Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer til kommunesamling om tilskot i jordbruket

Tid: 03.-04. oktober 2019

Stad: Scandic hotel Alexandra, Molde

Målgruppe: Kommunal landbruksforvaltning

Målet med samlinga er fagleg påfyll og oppdatering, samt gjensidig dialog om erfaringar, problemstillingar osv i tilknytning til forvaltninga av dei ulike tilskotsordningane. Det går an å delta på berre ein av dagane, dersom det er hensiktsmessig.

Økonomi: Kommunane må sjølv dekke opphald og reisekostnader. Kostnad for opphald (også dagpakkane) skal betalast direkte til hotellet ved kursstart. Evt tilsending av faktura, må deltakar sjølv avtale dette direkte med hotellet. Sjå prisane under.

  • Deltaking 03.-04. oktober i helpensjon (inkl. overnatting i enkeltrom og alle måltid), kr 1370,-
  • Deltaking i dagpakke inkl lunsj begge dagar 03. og 04. oktober, kr 940,-
  • Deltaking i dagpakke 03. oktober inkl lunsj, kr 470,-
  • Deltaking i dagpakke 04. oktober inkl lunsj, kr 470,-
  • Middag for ikkje buande, kr 405,-

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 25. september 2019.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05/71 25 85 14.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.