Nasjonal fjellskredkonferanse

Dato:
18. september 2019 12:00 - 19. september 2019 14:00
Stad:
Hotel Union Geiranger
Ansvarleg:
Norddal kommune, Stranda kommune, Norges vassdrags- og energidirektorat, Møre og Romsdal politidistrikt, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Troms og Finnmark, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle som har beredskapsansvar og oppgåver knytt til fjellskred og flodbølgjer – lokalt, regionalt og nasjonalt

Nasjonal fjellskredkonferanse 2019

Konferansen vert arrangert på Hotel Union i Geiranger 18. og 19. september 2019.

Det er fjerde gongen denne konferansen vert arrangert. Programmet for årets konferanse er ikkje endeleg fastsett, men vil ta føre seg geofagleg status, risiko som formgjevande faktor ved arealplanlegging, befolkningsvarsling og evakuering.

Konferansen er eit felles initiativ frå Norddal kommune, Stranda kommune, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Møre og Romsdal politidistrikt, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Troms og Finnmark og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dersom mange ønskjer at det vert arrangert felles transport tur/retur Ålesund Lufthamn Vigra, vil Fylkesmannen vurdere å arrangere dette etter sjølvkostprinsippet. Kryss av i valalternativet dersom dette er ønskjeleg.

Spørsmål om påmeldinga kan rettast til fmmrkurs@fylkesmannen.no. Spørsmål om opplegget elles kan rettast til Martha Helle Dybo på martha.dybo@fylkesmannen.no.

 

Økonomi: Deltakerne vil bli fakturert etter konferansen, jf oppgitte priser

Prisar:

  • Deltaking med dagpakke 18. september, kr 1000,-
  • Deltaking med dagpakke 19. september, kr 1000,-
  • Deltaking med helpensjon 18.-19. september, kr 3000,-
  • Middag 18. september, kr 500,-

 

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan ny frist som er satt til 21.08.2019.  Påmeldingsskjema finn du lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til fmmrkurs@fylkesmannen.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 84 65.

 

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
18. september 2019 12:00 - 19. september 2019 14:00
Stad:
Hotel Union Geiranger
Ansvarleg:
Norddal kommune, Stranda kommune, Norges vassdrags- og energidirektorat, Møre og Romsdal politidistrikt, Fylkesmannen i Vestland, Fylkesmannen i Troms og Finnmark, og Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Alle som har beredskapsansvar og oppgåver knytt til fjellskred og flodbølgjer – lokalt, regionalt og nasjonalt