Utviklinga i kommuneøkonomien for 2019

Fylkesmannen har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga av kommuneøkonomien for 2019 i Møre og Romsdal. Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.

Tala er henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB) og i hovudsak databasen Kostra. Kostra står for Kommune-Stat-Rapportering. Kvart år rapporterer kommunane rekneskapstala sine til SSB. Rundt den 15. mars blir ureviderte tal publisert og rundt den 15. juni blir dei reviderte tala publisert. Tala i rapporten byggjer på dei reviderte rekneskapstala.

Rapporten er aktuell for politikarar, leiarar og tilsette i kommunane, forvaltningsorgan på fylkes- og regionalt nivå, innbyggarar i Møre og Romsdal og andre som har interesse for kommunane sin økonomi.