Oppstart av skogvern i Tingvoll og Surnadal kommunar


Høyringsfrist 01. februar 2019 00:00

Fylkesmannen melder med dette oppstart av plan for to nye naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.Arbeidet gjeld eit område på ca. 1950 dekar på Kanestraum og eit område tilsvarande i Bæverfjorden på ca. 430 dekar.

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Merknader til oppstartsmeldinga må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 01.02.2019.