Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Søknad om løyve til å etablere biogassanlegg i Sunndal kommune

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
1. februar 2021 23:59

Ductor Sundal AS søker om løyve etter forureiningslova til å etablere eit biogassanlegg for å produsere biogass, biogjødsel tørket til pellets og ammoniumvatn på Håsøran i Sunndalsøra i Sunndal kommune.

Publisert 11.12.2020

Bedrifta planlegg å etablere eit biogassanlegg med mottak av fiskeensilasje, slam frå fiskeoppdrett, hønsegjødsel og slakteriavfall. Det planleggjast for ein kapasitet på mottak av inntil 75.000 tonn substrat i året.

Som sluttprodukt vil bedrifta produsere biogass, biogjødsel tørket til pellets og 20 % ammoniumvatn.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkja til høgre på denne sida. Dei er òg lagt ut hos Sunndal kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller sfmrpost@statsforvalteren.no før 01.02.2021.

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
1. februar 2021 23:59