Vern av 5 nye skogområde - høyring

Legg til i eigen kalender
Høyringsfrist:
15. januar 2021 23:59
Hassel i blomstring (foto: Fylkesmannen).

Fylkesmannen høyrer med dette framlegg om vern av naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43.

Publisert 12.11.2020

Arbeidet gjeld:

* Ramshylla naturreservat, Vanylven (348 daa)

* Vardegga naturreservat, Vanylven (499 daa)

* Høghaugen naturreservat, Ålesund (143 daa)

* Brøskjahagan naturreservat, Surnadal (450 daa)

* Skjoralia naturreservat, Surnadal (137 daa)

 

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Høghaugen har naturtypen kystfuruskog, medan dei 4 andre har ulike typar edellauvskog.

Det er utarbeidd eit faggrunnlag for kvart enkelt område med verneforskrift og kart over tilbodsområda. Vern som naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet, men det kan vere unntak for ulike former for pågåande bruk.

Merknader til høyringa må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 15.01.2021.