Søknad om endra løyve til Vartdal Gjenvinning AS i Ørsta kommune


Høyringsfrist 07. november 2020 23:59

Vartdal Gjenvinning AS søker om å endre rammene i utsleppsløyvet sitt.

Verksemda ynskjer mellom anna å auke mottak av metall frå 30.000 tonn til 50.000 tonn.

Søknadsdokumentet kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida. Det blir òg lagt ut hos Ørsta kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpost@fylkesmannen.no, før 7. november 2020.