Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS søkjer om løyve til biogassanlegg på Melsgjerdet i Ørsta kommune


Høyringsfrist 15. august 2020 23:59

Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) søkjer om løyve etter forureiningslova til å etablere biogassanlegg på Melsgjerdet industriområde.

Det er søkt om å få etablere anlegget på gnr. 44 bnr. 22 og 25 gnr.45 bnr. 10, 11 og 12. Biogassanlegget er ønska etablert i samanheng med anlegget for ordinært avfall og hageavfall, jf. løyve av 2017, endra i 2019.

Det blir søkt om å nytte matavfall, husdyrgjødsel og slam i produksjonen av biogass.

Det skal nyttast tørka flis til energiproduksjon i anlegget. Det blir søkt om ein produksjon av 4 000 000 Nm3/år biogass, 20 000 m3/år av biorest som blautgjødsel og 10 000 tonn/år som tørr biorest.

Søknadsdokumenta er lagt ut hjå Ørsta kommune. Dei kan også finnast ved å nytte lenkjene til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller fmmrpost@fylkesmannen.no før 15.8.20.