Søknad om løyve til avfallsaktivitetar for Bingsa Gjenvinning AS i Ålesund


Høyringsfrist 10. august 2020 23:59

Bingsa Gjenvinning AS har eit løyve etter forureiningslova som omfattar mottak, mellomlagring og behandling av ulike typar ordinært avfall og mottak og mellomlagring av farleg avfall.

Verksemda søker no om løyve til fleire avfallsaktivitetar: behandling av farleg avfall i form av kverning av trykkimpregnert trevirke, behandling av hage- og parkavfall samt mottak, mellomlagring og omlasting av avløpsslam. Det er også søkt om endringar i gjeldande løyve. Verksemda ligg på gnr. 34 bnr. 130 i Alvikvegen 123 i Ålesund kommune.

Søknadsdokumenta kan lesast via lenkene til høgre.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller fmmrpost@fylkesmannen.no før 10.08.2020.