Sibelco Nordic AS søkjer om løyve til mudring og sprenging i sjø


Høyringsfrist 05. august 2020 23:59

Verksemda ynskjer å fjerne om lag 6 300 m3 massar for å auke djupna og utvide kaia ved anlegget sitt på Åheim i Vanylven kommune.

Det er harde massar, så dei må sprengast laus. Massane som takast opp er planlagt dumpa i sjøen utanfor Torvholmen. Tiltaket har planlagt oppstart hausten 2020, og er venta å ta om lag 6 månader å gjennomføre.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til søknaden må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 5. august 2020.