Vikomar AS søkjer om løyve til utfylling i sjø ved Harøysundet


Høyringsfrist 19. juli 2020 23:59

Dei ynskjer å fylle ut over eit areal på om lag 1 500 m2 ved eigedomen gnr. 7 bnr. 11 for å utvide industriarealet, justere fylling langs planlagd fryseri og leggje om ein veg.

Tiltaket er planlagd utført i perioden 2020-2021.

Søknadsdokumenta og ein miljørapport frå området kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar eller innspel til tiltaket må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 19. juli 2020.