Søknad om utfylling ved Fosnavåg, ytre hamn


Høyringsfrist 05. juli 2020 23:59

Igesund Eigedom AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling i sjø ved eigedomane 34/22, 35/31, 35/73 og 35/148 i Herøy kommune.

Det skal fyllast ut med om lag 15 000 m3 massar over eit areal på om lag 2 500 m2 for å utvide arealet og leggje til rette for bygging av anleggsveg. Tiltaket er planlagt utført i perioden 2020-2021.

Eventuelle kommentarar til søkanden må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 5. juli 2020.