Framlegg om utviding og namneendring av Hisdalen naturreservat - høyring


Høyringsfrist 28. juli 2020 00:00

Skogbilde frå Hisdalen
Skogbilde frå Hisdalen (Foto: Øivind Leren)

Fylkesmannen høyrer med dette framlegg om utviding og namneendring av Hisdalen naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 43.

Utvidinga gjeld ca. 3329 daa, og med den nye utforminga er det naturleg å skifte namn på naturreservatet til Flåstranda-Havdalen naturreservat. Det er også foreslått å bruke namnet Flåstranda naturreservat.

Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Det er utarbeidd eit faggrunnlag for området med framlegg til endring i verneforskrift og kart.

Merknader til høyringa må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 28.07.2020.