Søknad om løyve til utfylling ved Port Arthur i Kristiansund


Høyringsfrist 25. juni 2020 23:59

KBBL Mino AS søkjer om løyve etter forureiningslova til utfylling med om lag 5 000 m3 sprengstein over eit areal på om lag 5 000 m2.

Tiltaket er planlagt utført i perioden 2020-2021. Hensikta med tiltaket er å utvide arealet slik at det kan etablerast bygg og kaianlegg.

Søknadsdokument med miljørapport kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til søkanden må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 25. juni 2020.