Søknad om løyve til nyttiggjering av brukt betong i utfylling i Ålesund kommune


Høyringsfrist 30. mars 2020 23:59

Sunnmøre Transport AS søker om løyve etter forureiningslova til å nyttiggjere brukt betong i ei utfylling i sjø i Verpingsvika i Ålesund.

Kommunen har gitt løyve til utfylling med stein og morenemassar, men i overflata av fyllinga er det nytta knust betong. Noko av betongen inneheld forureiningar. Sunnmøre Transport AS søker om å få la betongen ligge i fyllinga.

Området ligg på gnr. 131 bnr. 43 i Flatholmvegen 39.

Søknadsdokumenta kan ein lese via lenka til høgre, og dei er lagt ut i Ålesund kommune.

Vi ber om at eventuelle merknader blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no før 30.03.2020.