Giske kommune søkjer om løyve til tiltak i sjø ved Gjøsundet


Høyringsfrist 31. mars 2020 23:59

Det søkjast om løyve etter forureiningslova til mudring av om lag 271 000 m3 massar over eit areal på om lag 95 000 m2 i fiskerihamna.

Muddermassane ynskjast plassert i eit strandkantdeponi i industriområdet ved Gjøsundneset. Tiltaka er planlagt utført i perioden 01.08.2020-31.07.2021.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkjer til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til søknaden kan sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 31. mars 2020.

Kontaktpersonar