Barriere mot miljøgifter skal byggast på Kvennaneset i Ålesund


Høyringsfrist 31. mars 2020 23:59

I tilknyting til det planlagde oppryddingsprosjektet i Ålesund hamn, skal det gjerast tiltak for å sikre mot spreiing av miljøgifter frå eigedomen 200/287 ved Kvennaneset i Ålesund.

Eigedomen tilhøyrar Liaaen Eiendom AS, som har fått utarbeidd ein tiltaksplan (sjå lenkje til høgre på sida). Planen anbefaler at det etablerast ein barriere langs sjøfronten. Dette tiltaket vil omfatte noko utfylling i sjø med massar. Sjøbotnen utanfor Kvennaneset er generelt sterkt forureina, men området nærast land må ventast å i stor grad vere prega av eldre steinfylling. Grunneigar vart varsla om pålegg om tiltak i tråd med tiltaksplanen i brev av 04.12.2019 (sjå lenkje til høgre på sida).

Vi ber om at ei eventuell uttale/kommentar til dei planlagde tiltaka sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan 31.03.2020.