Søknad om utfylling i sjø i Molde


Høyringsfrist 23. februar 2020 23:59

Molde kommune søkjer om løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø i Molde i tilknyting til prosjektet "Sjøfronten 2".

Tiltaket omfattar utfylling med om lag 1 000 m3 massar over eit areal på om lag 400-500 m2 for å opprette ei motfylling til ein eksisterande kaikonstruksjon ved eigedomen 24/933. Støttefyllinga skal sikre dei eksisterande konstruksjonane. Det skal også settast ned nokre pælar (stålrøyr) i sjøbotnen i det same området. Tiltaka har planlagt oppstart i mars 2020.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.

Vi ber om at ei eventuell uttale til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 23. februar 2020.