Oppstart av skogvern i Tingvoll kommune


Høyringsfrist 16. februar 2020 00:00

Fylkesmannen melder med dette oppstart av plan for to nye områder for vern som naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.

Arbeidet gjeld eit område på ca. 400 dekar som ei direkte utviding av Hisdalen naturreservat, samt eit nytt verneområde ved Vasselen på om lag 320 dekar.

Områda ligg på privat grunn, og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø. Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Merknader til oppstartsmeldinga må sendast Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpost@fylkesmannen.no innan 16.02.2020.