Søknad om endring av løyve frå Tine Meieriet Elnesvågen i Fræna kommune


Høyringsfrist 06. januar 2020 23:59

Tine Meieriet i Elnesvågen søker om endring av løyve etter forureiningslova på meieriet sitt område i Elnesvågen i Fræna kommune.

Tine Meieriet Elnesvågen fekk nytt løyve etter forureiningslova i 2016, med krav om å senke utslepp av organisk stoff med 70 % i forhold til tidlegare drift. Tine har starta jobben med å etablere eit reinseanlegg med mekanisk og biologisk reinsing. Ifølge gjeldande løyve skulle prosessavløpet førast inn på det kommunale avløpsnettverket, men no søkast det om å etablere eit separat utsleppspunkt for prosessavløp med utløp i resipienten Elnesvågen.

Søknadsdokumenta blir lagt ut på sørviskontoret hos Fræna kommune.

Vi ber om at eventuelle merknadar blir sendt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde eller fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 06.01.2020.

Kontaktpersonar