Kystverket søkjer om løyve til tiltak i Hjertøysundet


Høyringsfrist 26. januar 2020 23:59

Ved sprenging og mudring skal djupna aukast på to forskjellige plassar i sundet. Hensikta er å gjere det lettare for ferjene og andre båtar som ferdast i området.

Totalt skal om lag 40 000 m3 masse fjernast frå farleia, og av dette vil om lag 5 000 m3 vere lausmassar (sand og grus) og resten fjell.

Kystverket har vurdert fleire plassar for disponering av massane som takast opp frå sjøen. Egna massar skal nyttast til utfylling i sjø ved Moldegård og ved moloen ved Reknes. Eventuelle overskotsmassar ynskjast dumpa på ein nærare angitt lokalitet i Romsdalsfjorden.

Ei miljøundersøking utført av Multiconsult viste at sjøbotnen der det skal mudrast og sprengast var lite påverka av forureining, med unntak av botnstoffet TBT.

Ruglbotn med kalkalgar er påvist i tiltaksområdet. Det vart også påvist samlingar av kalkalgar i fleire område i nærleiken til tiltaksområdet.

Kystverket ynskjer å byrje med tiltaka i starten av august 2020, og tiltaka er venta å ta om lag 4-6 månader å utføre.

Komplett sett søknadsdokument, inkludert relevante rapportar, kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.

Vi ber om at eventuelle merknadar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 26. januar 2020.