Statens vegvesen søkjer om løyve til tiltak ved Molde ferjekai


Høyringsfrist 31. oktober 2019 23:59

For å hindre utvasking under ferjekaia skal dei fylle ut med opptil 5 000 m3 massar over eit areal på om lag 2 200 m2 på sjøbotnen.

Tiltaket er planlagt utført på om lag 10 dagar i den siste halvdelen av november og eventuelt utover i desember.

Søknadsdokumenta kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Prøvetaking av sedimenta i tiltaksområdet er utført. Rapport vil verte lasta opp så snart den er klar.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til søknaden sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal snarast mogleg, men seinast innan 3. november 2019.