Oppstart av skogvern i Stranda kommune


Høyringsfrist 27. september 2019 00:00

Fylkesmannen melder med dette oppstart av plan for nytt naturreservat i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42. Arbeidet gjeld eit område på ca. 146 dekar ved Liabygda i Stranda. Områda ligg på privat grunn og er med i ordninga med friviljug vern av skog. Formålet med vernet er å sikre biologisk verdfulle skogsmiljø.

Naturreservat medfører forbod mot alle inngrep som kan endre naturmiljøet.

Merknader til oppstartsmeldinga må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, eller elektronisk til fmmrpost@fylkesmannen.no.

Frist for innspel er 27.09.2019.