Framlegg til grenseendring i Todalsøran naturreservat, Surnadal kommune


Høyringsfrist 15. september 2019 23:59

Endringa medfører at naturreservatet vert redusert med om lag 2,5 dekar.

Dette er praktiske endringar slik at grensemerke som er satt ut stemmer med vernekartet, jf. naturmangfaldlova § 34 sjette ledd punkt nr. 3.

Dokumentet inneheld også endringar der areal som ikkje er verneverdig er foreslått tatt ut, til dømes grasplen på ein campingplass og småbåthamn.

Relevante dokument kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Eventuelle kommentarar til framlegget må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpost@fylkesmannen.no, innan 15. september 2019.

Noverande grense (gul) og forslag til ny grense (raud). Trykk på biletet for å opne ein større versjon.